Oystein's profileØystein på MadagaskarPhotosBlogLists Tools Help

Oystein Christensen

Øystein på Madagaskar

Fra 22. Oktober til 10. April skal eg bu i Antananarivo
February 18

Fengselsbesøk

På fredag var vi på vårt andre fengselsbesøk. Grunnen til at vi får besøke fengsel er at vi kjenner godt Dr. Velo. Ho bor rett utanfor ungdomssenteret i Sabotsina Namehana. Dr. Velo jobber med eit hiv/aids prosjekt i fegsla på Madagaskar.  

Det er en ganske tøff opplevelse å besøke gassiske fengsel. Her kan ein sjå langt etter menneskerettigheiter. Kvar fengselcelle har mellom 80- 100 personar. Dr. Velo forteller at det er ei lita luke oppe mot taket der ein kan trekke inn litt frisk luft. På natta blir lufta så dårlig i cella at fangane må gå på skift opp til luka for å få puste. Fangane får ein kasava om dagen, dette er ein litt potetaktig grønsak. Dersom ein ikkje har familie som kommer med mat kan ein rett og slett dø av sult i fengselet. På det første fengselsbesøket vi hadde fekk vi so vidt sett litt inne i eit fellesområde. Vi kunne sjå fangar ligge rundt rundt inne på område som såg halvdøde ut og det var utrulig fullt med folk. Etterpå kom det nokre fangar ut, dei var berre skinn og bein og virka heilt sløve i blikket.

Homofili er eit stort problem på fengsela på Madagaskar. Det er fangar i fengsla som har mykje pengar frå før. Dei kan kjøpe seg mat. Det er svært vanlig at dei rike fangane bruker en eller fleire av dei fattige som sex-slavar i mot at han forsørger dei med mat.

På fredag besøkte vi Madagaskars største fengsel. Det litt rett ved sentrum så folk såg ikkje så tynne ut her. Det er fordi det er lettare for vennar, slektningar eller frivillige hjelparar å komme med mat til fangane.

Dr. Velo gjer ein utrulig viktig jobb i fengsla på Madagaskar. Fangane setter utrulig stor pris på ho og respekterer henne høgt, dersom ho trenger noko hjelp ser vi at fleire fangar kommer ilande til for å hjelpe. Fleire kaller henne berre Mor.

Jobben hennar er som sagt å forske på Aids og å informere om aids i fengsla. Det som gjer at fangane setter så stor pris på henne er at ho møter alle med respekt og venneligheit. Ho har også skaffa dei bedre tilbud på fritidsaktiviteter.

På fredag arrangerte ho ein konkurranse i fengselet. Kvar avdeling fra fengselet stilte ein representant til ein spørrekonkuranse om aids. I tillegg hadde Dr. Velo skaffa godt musikkanlegg og mikrofonar. Det var mange som kom fram og spelte og sang. Det er faktisk ei ganske kjent gassisk gruppe som opptråtte, pga pengetrøbbel var heile gruppa i fengsel. Dette skjedde på ei slags sene i fengselsgården og det var utrulig mange fangar som satte utrulig stor pris på dette.

Trass i dei forferdelige forholda dei lever under så var dei fleste sangane som var sunget kristne lovsangar og alle sang med.

Veldig mange av dei som sitter i fengselet har vore inne i fleire år utan rettsak. Dei anar ikkje når rettsake kommer opp eller når dei kan få fri. Mens vi var i fengelet var det plutselig ein fangevoktar som ropte opp eit namn. Han sa dersom du kjenner denne fangen kan du fortelle han at han kan gå, han er fri. Vedkommande fange ante fortsatt ikkje at dette var dagen han skulle sleppe ut. Seinare når vi var på ei lita omvisning på fengselet møtte vi på fangen. Han hadde då fått på seg klær og var klar til forlate fengselet. Dette tærer sjølvsagt på psyka. Du veit ikkje om du vil sleppe ut i dag eller om ti år.

Forholda i dag er forferdlige, men det satses på å få opp forholda. Prosjektet som Dr. Velo er med på er eksempel på dette.

January 26

Datatrobbel

I helga hqdde vi ein herlig tur til Tomasina. Tok med meg pcen min paa internettcafeen i dag, men kommer meg ikkje inn paa bloggen. PCen min meiner att bloggsida er eit usikkert omraade aa vere paa og nektar derfor aa gaa inn paa sida. Gaar ikkje sette inn bilder fraa pcane paa internettcafeen.
 
Som skreve so drog vi til Tomasina. Det var ein veldig kjekk tur i taxibe. For en gang skuld ikkje saa veldig trangt. Vi reiste ogsâ i svaert vakre omgivelser. Vi kjorte fraa hoglandet og ned til kysten. Koyrer daa gjennom den utrulig frodige regnskogen. 80 prosent av Madagaskars plante og dyreliv er unikt for Madagaskar. Saag derfor heile tida nye ting. Reisa bydde ogsaa paa litt magetrobbel. Fekk i meg noko paa eit hotely som kroppen ikkje hadde godt av og som kom ganske so raskt ut igjen.
 
Tomasina var ein by med god atmosfaere. Det var varmt paa dagen, ikkje so varmt som i Mahajunga, derfor var det mykje liv paa kvelden naar det var behagelig temperatur. Nâr ein gjekk i gatene mätte ein ha eit vâkent blikk. Fort gjort aa trakke ned i  knedjupe hulli vegen, eller falle ned i nokre slags kommlokk, der kommlokket mangla, dybde ukjent.
 
Den andre dagen reiste vi til Foul Point, ein liten kystlandsby 1,5 time utanfor Tomasina. Her vart vi med ein gassar i kanoen hans og snorkla i det Indiske hav. Skal prove aa legge ut bilder seinare, men ein gassisk kano er ikkje som ein norsk kano. Det var veldig kjekt.
Etter vi hadde snorkla og blitt ganske solbrente tok vi bussen tilbake til Tomasina. Provde aa finne ein utestad som sende Liverpool vs Chelsea, men enda opp med aa sjaa paa vintersport. Inntok eit bedre maaltid, grilla hummer. Kosta 33 kr.
January 24

Seiltur med Shalom

Vi vakna i sju tida. Lakenposen min var våt, boxeren min var våt, madrassa mi var våt og eg fullstendig dehydrert.

   Vi er på båten Shalom. Drog laurdag 30. desember. Vi har segla i seks timar med Shalom. Då kom vi fram til ein utrulig idyllisk landsby, Boeny Aranta. Den låg langs ei strand som var fylt med palmar og fiskebåtar. Folk kom strøymande til når dei såg oss. Det var fryktelig mange unger i denne landsbyen. Når vi kom dit såg vi først på ei vasspumpe Shalom har satt opp. I denne landsbyen det ikkje går ann å komme seg til med andre framkomsmidler enn båt fins det ein helsestasjon reist med midler frå Askøy kommune, ganske artig. Det var ein spesiell følelse å gå rundt i landsbyen. Folk her lever i enkle hus som er bygget på sand. Utan elektrisitet og utan mobildekning. Vi var inne i eit hus, når det kom vindkast blåste det gjennom veggen, som var laga av noko slags bambus rør. Det var ikkje ein fattig landsby. Fiskarane her gjer det godt og det virka som folk hadde det bra. Vi venta på stranda på å bli henta i gummibåt tilbake til Shalom. Det var i ferd med å bli mørkt og det var utrulig fint. Fiskebåtane låg langs stranda og det palmetre og fine fargar.

 

Natta blei ganske hektisk. På grunn av den utrulige varmen, Mahajunga er ein av dei varmaste byane på Madagascar, bestemte vi oss for å ligge på ute på dekk. Lugaren hadde temperatur og luftfuktighet som ei badstue. Etter vi hadde lagt ute begynte det å regne. Så måtte ned i lugaren. Der låg eg og vrei meg i to timar, så var det ut på dekk igjen, det hadde slutta å regne. Då var det eit nytt problem. Det å ligge å høyre på mygg som suser rundt kan vere ganske irriterande i Noreg, men det e verre her. Kan tross alt få malaria av myggen. I sju tida vakna vi. Hadde svetta enorme mengder i løpet av natta, so følte meg heilt uttørka. Men vi gleda oss til å feire nyttår på denne plassen. I løpet av dagen var vi inne i landsbyen og gjorde oss betre kjent. Gjekk ein liten skogsttur, såg papegøyar, kameleonar og nokre gigantiske baobao tre. Vi tok gummibåten til ei mindre øy. Der bada vi på ein veldig idyllisk plass. Det var det varmaste badevatnet eg har vore borti. Sjølv om vi var overoppheta so var det so vidt vi kjente temperaturforskjellen når vi gjekk ut i vatnet.

På kvelden var vi på Shalom. Det var litt av ein prøvelse å holde seg oppe til klokka tolv. Hadde det ikkje vore for Hanne Liv hadde vi nok sovna stille inn i ti tida. Vi hadde det veldig fint på båten. Vi satt ut på dekk, i ein behagelig temperatur på rundt 25 grader. Omgivelsane rundt var fantastiske. Det var stjerneklart og månen lyste opp, slik at det var ganske lyst. Rundt oss var det mange fine sandstrender. Når klokka endelig var tolv gratulerte vi kvarandre og la oss fem over tolv. I tre tida starta det å regne so vi måtte ned i den varme lugaren. Tidlig dagen etter starta vi heimturen til Mahajunga. Det var store bølger og eg og Ingelill vart sjøsjuke. Men alt i alt hadde vi ein kjempetur. Det vart ei nyttårshelg vi seint vil gløyme.

December 25

Jul på Madagaskar

Det er no 24. desember. Vi sto opp i dag i halv ni tida, spiste ein betre frokost. Derretter gjekk vi ned til kapellet klokka 10 til ein fin julegudsteneste. Barna frå barneheimen nærheita deltok på gudstenesta, så det gjekk både i norsk og i gassisk. Det var også mange fine musikalske innslag. No rett etter gudstenesta starta vi opp beachvolleyballturnering. Ganske uvant på juleaftan. Vi frå hald stiller eige lag.

    Etterpå i dag skal vi sikkert bade. Så skal vi lage pinnekjøtt og lage kjøttkake, gleda meg. Oss har også pynta ein palme som gjer nytta som juletre. Ser ganske komisk ut. Seinare på kvelden skal oss på konsert, dersom det blir noko av. Det er litt usikkert på om musikarane klarer å komme fram i tide.

  

   Dei dagane vi har vore i Ansirabe har vi kosa oss stort og vi har fått vore med på litt av kvart. På fredag deltok vi i klesutdeling for fattigskulen. Det var ein spesiell oppleving. Laila og Mannen (ein gassar) inviterte alle som går på fattigskulen heim til hagen sin. Det må for dei virke som å få ein smak på himmelen. Ein fin hage, ein blind mann som satt og spelte julesongar på keyboard, pynta juletre og greier. Mange av dei som var der hadde veldig fillete klede. Men dei var veldig glade for å få komme. Først hadde Laila ei andakt, deretter delte vi ut ris, såpe og 5000 ariary til kvar familie. Etterpå fekk alle ungane ein pose kvar med klede. Det var artig å sjå den gleda. Under risutdelinga vart det litt søl med risen. Såg ein unge som tok lommetørkledet sitt og plukka opp den risen som låg på bakken, så det å kaste mat er  uaktuelt. Når utdelinga var ferdig hadde var det takketaler. Og når alle gjekk ut fekk alle tre drops kvar. Det var populært.

 

Her i Ansirabe er det trist å gå på gatene. Verken i Sabotsy (der eg og Rune bur) eller Fandriana (der jentene bur) opplever vi tiggarar eller gatebarn. Her i Ansirabe sitter det tiggarar mange plasser og det er veldig mange gatebarn her. Det er trist og ein føler seg guffen når ein berre må oversjå dei. Fordi ein kan ikkje gje til alle. Dess utan meiner Audun den andre eittåringen som er her som har budd på Madagaskar i 12 år, at ungane ikkje får pengane dei tigger, men det kan gå til foreldra. Derfor kan det vere greitt å gje mat, dersom ein skal gje noko.

Det er også valdsamt med possposser i Ansirabe. Det er små vogner berekna på persontransport som blir dratt av ein springande gasser. Har aldri sett ein taxi her, posspossane har tatt over. Dersom ein er kvit har ein alltid mange possposser rundt seg som spør om ein trenger skyss. Eg og Elisabeth tok possposs i går, turen tok rundt 10 min og det kosta 1,5 kr.

 

På laurdag var eg på eit gassisk bryllup. Eg og Elisabeth. Det var interessant. Jenta som gifta seg var oppvakst på barneheimen som nms driver i Ansirabe. Ho hadde ingen foreldre så selskapet vart holdt på barneheimen. Dei gifta seg i ei katolsk kyrkje.

 

 

December 14

Besøk av Tone, rektor på Hald

Halloen. Kjem med ei lita oppdatering.

Ej he det berre bra på Madagaskar. Det kjem til å bli ei ganske rolig tid fram til jul. Skal har ein del engelskeksamenar vi må rette, men vi skal ikkje ha noko meir undervisning før jul.

 

Den siste veka har vi hatt besøk av rektoren vår på Hald, Tone. Det har vore veldig kjekt. Vi har reist litt rundt i ein bil med sjåfør som prater flytande norsk. Det er ganske mange gassera som kan norsk. Han sjåføren vår hadde budde i Norge til han var 7 år fordi faren studerte på misjonsskulen i stavanger.

            Frå fredag til tysdag var vi i på det norske området i Ansirabe. Der hadde vi kurs med Tone. På området bur det fleire norske familiar og der er ein norsk skule med 4 elevar.

Ein av kveldane vart vi invitert på mat og dominokveld. Domino er faktisk eit spel som anbefalast. Han som hadde kjøpt spelet hadde spurt om han kunne få spelet laga av oksehorn. Då spelet var ferdig fekk han opplyst om att det trengtes 50 horn for å lage spelet. Trur det kom som ei overrasking, men det var eit fint spel.

December 02

Presidentval 3. desember

Dagen för dagen. Spenninga er ikkje til å ta å føle på i det daglige livet. Bortsett frå att det er plakatar og klistermerke av presidenten overalt så går livet sin vante gong. Madagaskar har ei historie med mange kaotiske presidentval som har ført til opprør, sprenging av bruer og fleire hundre drepne. Dersom ein vil ha noko informasjon om valet må ein sjekke på internett. Det er Av og til høyrer vi bilar med store musikkanlegg på taket som spreiar ut presidentens planar for den neste presidentperioden.  Gassarar likar veldig godt musikk. Det har presidenten brukt i valkampen sin. Kjende gassiske musikarar har spelt inn songar med reklame for presidenten. Desse songane blir spelt på radio, tv og stort sett overalt der det er eit musikkanlegg. Desse songane er veldig lett å ”få på hjernen”. Så det er ofte eg går å nynnar, ”Ravalomanana… lalanana…”

Lalana betyr veg, så eg reknar med att songen handlar om Ravalomananas store vegutbygging. Vegnettet er noko han har gjort ein veldig god jobb med i sin første presidentperiode og han planar å fortsette å bygge ut vegar. Eg har prata med ein del gassarar om valet. Dei trur att dersom presidenten blir gjenvalt då kommer det til å bli opprør og kamper. Dette fordi presidenten har ganske mange sterke motstandarar. Så det er mulig att ting han har bygd kan bli øydelagde av motstandarane hans. Dersom Ravalomanana taper valet, noko som er veldig lite sannsynleg, kjem det ikkje til å bli opprør. Dette er som sagt berre det eg har høyrt av folk. Det nesten heilt sikkert ikkje til å bli farlig for vanlige folk. Det er for dei som blir med på opprøret og kampane det er farlig for.

November 30

Bilulukke

Bilulukke

To av dei som bur på ungdomssenteret, Generalsekretæren for ungdomsarbeid på Madagaskar og sonen hans, har vore med i ei bilulukke. Dei satt i ein bil med 6 personar. Bilen dei satt i køyrde av vegen og rulla rundt fire gongar ned ei skråning. Bilen stoppa halvvegs i skråninga. Det var heldigvis ingen som døde i ulukka. Generalsekretæren må ligge på sjukehus ganske lenge, er usikker på om det var 4 til 5 dagar eller 45 dagar som blei sagt. Sonen hans har komme tilbake til ungdomssenteret. Han er veldig opphovna i fjeset så han klarar ikkje å sjå. Men eg trur begge to kjem til å komme seg utan varige men.

November 16

datatröbbel

Paa grunn av datakluss faar eg forelöbig ikkje lagt ut fleire bilder.
Satser paa att eg det gaar etterkvart
November 15

Fandriana

Fandriana

10. – 14. november var Rune og eg på besøk med Haldjentene som held til i Fandriana. Fandriana er ein landsby som ligg 7 timar med taxibe frå Antananarivo, der vi bur. Taxibe er ein slags rutebuss som tar maks 13 passasjerar+ sjåfør og ein hjelpar. Når ein sitter i ein taxi be sitter ein trongt.

Vi hadde fått beskjed om att avreise var 0800 får å nå ned til busstasjonen måtte vi stå opp i fem tida. Vi kom likevel ikkje ned til stasjonen før 0830 fordi det var trafikkork, men det gjorde ikkje noko. Vi kom oss ikkje av garde før 1140. Grunnen til dette er at av billettinntektene så går 10 av billettane til selskapet. Sjåføren har ei fast månadslønn på 80 000 Ariary ( 240 kr). Dersom han får fleire enn 10 passasjerar så får han deler av billettinntektene det er derfor uaktuelt å køyre før bussen er full.

 

Vi kom fram til Fandriana etter det hadde blitt mørkt. Fandriana er ein landsby med strøm ca 2 timer i døgnet, utan innlagt vatn og dårlig mobildekning. Hald jentene jobbar på lærarskulen som engelsklærarar. Dei bur på internatet med dei andre lærarstudentane. Alt vatn som skal brukast må hentes i brønnen. På kjøkkenet har dei ei bøtte med reint vatn, og ei med skittent vatn frå oppvask og slikt, skittenbøtta må tømmast like ofte som reinebøtta må fylles. Det å gå å bere rundt på vatn hit og dit er tungt så Rune og eg er veldig glad for å ha innlagt vatn.

Det var artig å sjå korleis jentene hadde det. Trur dei har litt vanskeligare engelskundervisning enn det eg har. Dei skal tross alt vere lærarar til framtidige lærarar.

 

På laurdag tok vi ein tur til den nærmaste byen, Ambositra. Dette er ein by som er kjent for kunst, så vi gjekk i mange kunstforetningar og kjøpte også ein god del som kan vere greitt å ha med heim som minner frå Madagaskar.

 

Elles so fekk vi i løpet av heile turen oppleve att gassarane elska å synge, frå morgon til kveld. I fem tida på morgonen vakna eg av syngande jenter som dreiv og vaska eller kokte ris utanfor vindauget. Det var ein behagelig måte å vakne på. Dei song so høgt og med ein slik innleving att eg nærmast trudde att eg hadde 10 syngande jenter på sengekanten. Eg har aldri høyrt ein gassar nynne, ein gassar syng for full hals.

Engelsklaerere

Engelsklærarar:

Rune og eg har no vore engelsklærarar på ein barneskule i ei veke. Det har vore svært artig. Den første dagen fekk vi med sikkerheit slått fast at ein gassisk og ein norsk skule er svært forskjellig. Klasseromma er utan strøm og elevane sitt tett i tett på nokre benker som er laga av tre og dei har skuleuniform. Den største forskjellen er likevel ikkje det materielle. Før skulen startar har alle elevane oppstilling på skuleplassen. Det står oppstilt som ein militærtropp. Så er det eit ”befal” som roper nokre gassiske gloser som elevane beveger seg etter. Når elevane står i ”rett” blir flagget heist og nasjonalsongen sunge.

Då Rune og eg endelig skulle ha vår første time røyste alle elevane seg opp og ropte i kor ”good morning teacher”. Så elevane har stor respekt for oss lærarar. Sidan det var første timen og vi ikkje har vore lærarar før så blei i alle fall eg ganske so forfjamsa. Så eg begynte berre med det vi hadde planlagt. Rune kom etter kvart på att vi kunne be elevane sette seg igjen, hadde han ikkje gjort det hadde dei stått der endå.

 

Vi har 10 forskjellige klasser som er delt inn i 6 ulike nivå. Dei som er yngst er rundt 10 år og dei eldste 18. Vi har altså både nybegynnarar og elever som er ganske gode. Så vi har nok av utfordringar.
 
Photo 1 of 21